Festivalutstiller under Ibsen- og Hamsun-dagene, Reimanngården, Grimstad 2015.


Det var i Reimanngården, hos apoteker Reimann, at Henrik Ibsen begynte som apotekerlærling i 1843. Herbarietegningene er av planter som ble brukt i medisinsk øyemed.


Tekst av Paal-Helge Haugen, bestilt av Ibsen- og Hamsundagene 2015. Urframført under åpningen av festivalutstillingen i Reimanngården, Grimstad 2015.

Verbarium

Kanskje er dette året det Herrens år 1543,
kanskje er dette ein stad i Sogn, 
kanskje er det i nærleiken av Urnes,
og kanskje er det august,
jo, det må vere august,
merkar du ikkje at det er 
seinsommar over Lustrafjorden
og dei slake bakkane som ber grøda si
ned mot vatn,
kornet er mognande lysande gult
og sigdane nyslipte, klare for hender,
og i dag ligg augustvarmen tung
over bøar og åkrar og skogholt,
så vidt rørt av ørsmå pust av vind
som knapt krusar vatnet vi ser der nede;
i dag er verden dus og mild i varmedisen,
under armen har han ei mappe 
eller ein liten kasse,
det er ikkje lett å skilje
på denne avstanden,
men du kan sjå ryggen hans, han er tettvaksen
og kraftig og midt i livet,
han sveittar men merkar  det ikkje, 
han går raskt, han er Gjeble Pederssøn, 
superintendent i Bergen, Noregs første
protestantiske biskop, han er her 
djupt inne i fjordane
på visitas med sitt katolske hjarta og sin munn
som forkynner luthersk lære
etter påbod frå kongen i København,
langt borte frå Urnes og det mørke lodne lyset
inne i stavkyrkja.

Men nå er han ute under ein høgare himmel,
han er komen
bort til kanten av den nyslåtte bøen,
der det er eit holt og ei glenne,
eit lite mikroklima, 
beskytta mot trekken frå fjorden
han er på leiting,
han håper å finne,
og hjarta hans slår litt raskare,
nå bøyer han seg ned, der er det 
ei plante, ein blomst han aldri før har sett.
Han fell på kne. 
Han vil kome nærare.
Biskop Gjeble er på leiting etter Gud.
Gud kan ikkje finnast ein gong for alle,
han må finnast igjen og igjen,
og Gjeble vil halde fram med å leite,
med all sin lærdom, henta inn
i den oppblomstrande humanismens Europa,
leite i dei gulna ark med den heilage skrift
og spor etter hender,
i latinens konstruksjonar der kvart ord
veg tungt på tunga,
i den eigne tankens slingrande vegar
der ein treng rettesnorer og vegvisarar.
Og han vil leite i verdens vokster,
i det veldige myldrande gudsbiletet
som grønkar og blømer og døyr
og blømer igjen, 
på ny og på ny.

Og her står han, meister Gjeble,
i ei glenne i eit skogholt i Urnes,
og ser blomsten utfalda
som eit ope auga,
kanskje er det eit atterskin 
av Guds auga han ser,
kanskje er den vesle doggdropen
på kronbladet
ei tåre i Guds augnekrok.
Han lar dropen røre leppene
som var det ei heilag handling,
Guds destillat
det er ikkje eit sakrament
men her i glenna 
kjennest det ein augneblink
nesten som eit sakrament,
han skjelv på handa
og prøver å slå tanken frå seg.
Gjeble bøyer seg heilt ned og løyser planta
forsiktig og kjærleg 
frå grepet i jorda,
han løfter den opp i lyset,
opp frå den lukka tause underjorda
der mørkret bur,
han pussar planta og legg den på plass
i sitt herbarium 
som han bar med seg under armen,
den skal pressast og tørkast
og festast opp på papir
med hans eiga sirlege handskrift ved sida
der han skal formulere alt han veit
om sitt funn, 
natur og skrift skal spegle kvarandre
og utfylle kvarandre
ikkje berre eit herbarium 
men også eit verbarium,
han skal skrive ned alt han forstår
og legge det på plass i sin hortus siccus,
sin tørre papirhage, til Guds ære
og kunnskapens vokster,
for han er skapt med forstand
og forstandens imperativ om å bli brukt.
Han er ein gartnar
på papir og i jordsmonn,
som hans fosterson og etterfølgjar
Absalon Pederssøn Beyer ser;
denne urtegaards mann
laa om sommeren udi sin have
og vogtede henne
med en saadan behagelighet til urter,
og forundrede sig paa 
Guds nærværelse derudi.
Og her forlet vi meister Gjeble,
forundra i sin hage,
der årets sirkel viser opp
skapelsens runddans frå fødsel og vokster 
til død og gjenoppstandelse.
Vi ser han ikkje lenger over bøen i Urnes,
han bleiknar og blir borte
på grensa mellom sivilisasjon
og urskog,
det som er forma
av menneskets arbeid og kunnskap,
og det som tilhøyrer ei større skaping.
Også herbariet hans forsvinn
det løyser seg opp og blir til støv,
flimrar i lufta i forletne studérkammer,
eller flammar opp i logane
frå ein bybrann,
slik så mange herbarium har gjort,
historien har lukka seg kring dei,
hortus siccus, hortus pictus,
kollekt, eksikat,
nokre få overlevde tidas herjingar,
som Gherardo Cibos urtebok
han samla i traktene kring Bologna
samtidig som meister Gjeble leita
i eit karrigare, vest-norsk habitat
mellom sjø og gråstein, 
men kvifor samla dei, 
kva var det dei ville?
Ville dei kartlegge Guds skaparverk,
eller ville dei gjere seg til herre over det
og føre det inn i kolonner og system,
under kontroll?
Er det lettare å hanskast med ein natur
som er tørka ut til eit bilete, eit symbol,
nature morte?
Når Freud drøymde om blomster,
var dei tørka, aldri levande, i vokster.
Korleis skal vi forstå det?
Freud forstod det ikkje.
Og like lite kan vi vere sikre på
kva som djupast inne dreiv
våre enda fjernare forfedrar,
naturens tidlege studentar. 
Ville dei legge verden under seg?
Eller ville dei bekjempe forgjengeligheten,
bevare vekstane som fantom
eller inntørka skuggar av seg sjølv,
men likevel seg sjølv?
Eller var det nok, meir enn nok
å samle verden inn for å samle kunnskap, 
lære og vite og kjenne og forstå? 

Herbarium og foliantar
kunne forsvinne,
men kunnskapen hadde mange liv,
den kunne gå frå munn til munn
også på folkemunne,
oppsamla av kloke koner og signekjerringar
og urtekallar,
ein halvt hemmeleg eller 
heilt hemmeleg kunnskap
som stundom kunne føre beraren
opp på bålet, som heks eller kjettar,
men kunnskapen var allereie kviskra
vidare til neste øyra,
og slik slynga kjeden seg 
bakover gjennom tida,
gjennom hundreår, tusenår,
allereie Hippokrates visste,
fire hundre år før Kristi fødsel,
at avkok av borken på Salix alba,
det kvite piletreet,
hjelpte mot smerten ved barnefødsel,
og det gjekk meir enn to tusen år
før vitskapen klarte å ta igjen kunnskapen
som var innhausta i naturens kretsløp
på attenhundretalet vart salicylsyre framstilt
i laboratorium,
det same stoffet som fanst 
i Hippokrates’ pile-avkok,
og frå laboratoriet 
gjekk vegen inn i eit anna kretsløp,
det medisinsk-økonomiske,
i små glasflasker med påskrifta Aspirin.

Og andre løfta med seg 
sin del av den store kunnskapen,
munkar og nonner
i klosterhagane med lækjande vekstar 
og nærande vekstar 
og vekstar som skulle eksister
berre fordi dei var så vakre,
fordi Gud hadde skapt verden vakker,
og kvar klosterhage var ein liten
snipp av paradis,
eit ufullkome bilete 
av Herrens eigen fullkomne hage,
det var eit Eden i utlegd,
ei påminning om noko som låg
bortanfor menneskeleg fatteevne
og berre tilgjengeleg i glimt
i visjonar, slik abbedisse Hildegard frå Bingen
såg i sine ekstatiske syner, bortrykt i sin hage
og fylt av den sfærenes musikk 
som ho skreiv ned.

Men også dei trufaste slitar-munkar
og nøysomme nonner 
i det strenge steinrike her nord
hadde denne gneisten i bringa
og var skaparkraftas handlangarar
i sine hagar, på Halsnøy, ved Lysekloster,
Nonneseter, Utstein, Selje.


Også vi her nord hadde våre bidrag å gi;
for meir enn eit halvt årtusen sidan 
vart molter samla i Noreg og spreid
til renessansens legar i Europa
som middel mot skjørbuk.

Og kunnskapen flyt gjennom tida,
gjennom lukka og opne kanalar,
frå dei eldste erfaringar, 
frå dei første samlarar,
frå urtekoner og munkar
og den tidlege vitskapens systematikarar,
frå alle verdenshjørne,
kokain frå coca-busken 
og kinin frå chinkona-treets bark
i Sør-Amerika,
like fullt som reinfann 
frå den europeiske krattskogen; 
det flyt inn i apoteka alt saman,
klosterhagar blir til apotekhagar
og det kjem inn bak disken
med sine preparat
på utstilling, ein verden 
midt mellom vitskap og magi,
også i Grimstad, ein desemberdag i 1843
då den nykonfirmerte Henrik Ibsen
steig over terskelen 
til apotekar Reimann for å lære, 
mellom flasker og kolbar og retortar, 
i den sterke lukten av infus og dekokt
og tinkturar,
storkenebb for sårlækjing,
perikum for hjarta,
vendelrot for svevn,
merian, steinkløver, lavendel,
safran, anisolje, ormefrø
rosenvatn og rosenolje
alant-rot og kolofonium,
rektifisert alkohol og knuste laurbær,
og ei øskje full av små illeluktande klumpar
med den skræmelege påskrifta Dyvelsdrek,
Djevelens avføring, som skulle hjelpe
mot så mange slags plager,
manglande kjønnslyst, dystenteri
eller neglebiting.


Så fjernt det er, og så kort tid sidan.
I den globale sterile nesten luktfrie 
medisinalindustriens tidsalder
ser frykten annleis ut enn den gjorde
den gong for 170 år sidan,
nå er det temperaturen som aukar 
og isen som minkar og havet som kan kome
til å slikke mot våre grunnvollar,
nå fryktar vi kjernefysisk nedsmelting 
og radioaktive vindar og nukleær vinter,
og difor har vi bygt oss 
ein nedfrosen hage, med nedskrudde genar
og livskraft på vent,
ein frø-kvelv 120 meter inne i Platåberget,
i Svalbards permafrost,
der skal kvile millionar på millionar
av frø, eit repositorium 
fylt av verdens håp 
om varig føde og varig liv. 

Hadde vi kunna hente meister Gjeble dit,
ville han falle på kne
og bede ei dobbel bøn:
At alle klodens frø-emne måtte samlast der,
og at det aldri måtte bli bruk for dei.

Paal-Helge Haugen